TENESTER

8 MM KOPIERING/DIGITALISERING

Ved kopiering av filmen i PC-en brukar eg WorkPrinter XP. Etter det kan eg mot eit pristilegg (sjå prisliste), ved hjelp av Adobe Premiere Pro 4, redigere og forbetre filmkvaliteten noko. Gamal film "taper" farge ettersom åra går og ein del av den kan ein få tilbake. skal ein restaurere filmen skikkeleg og få bort alle riper og liknande så må ein korrigere kvar rute (frame) for seg, noko som tek veldig lang tid, men det går an å gjere det.

VIDEOREDIGERING

Redigeringa gjer eg i Adobe Premiere Pro 4 der ein kan få fram fine visuelle effektar, bra klipp og utrulege lydeffektar. Eg har arbeidd med Adobe Premiere sidan 1998 og syns at det er eit bra program som gjev fantastisk bra resultat.

FOTOGRAFERING/FILMING

Eg byrja å fotografere for 27 år sidan. Det var mye svart/kvite bilete som eg sjølv framkalte (både min far og farfar fotograferte og framkalte sjølve). I mitt litle studio tek eg portrettfotografi og eg filmar/fotograferer i bryllaup, konfirmasjoner og ved andre høgtidelege høver. Filming starta eg med for meir enn 20 år sidan medan eg jobba i ei videoredigeringsbedrift i Stockholm.

TAKKEKORT M.M.

Innbydinger, takkekort, julekort, visittkort m.m. kan eg skrive ut i størrelsar frå A6 til A2+.