Digitalisering av 8 mm smalfilm
Dersom du har filma med 8 mm smalfilm utan lyd og ynskjer å kopiere denne over til miniDVD, DVD, CD eller VHS/S-VHS så kan eg hjelpe deg med dette.
Kor mange gangar har ein ikkje tenkt at ein har lyst til å sjå på gamle filmar, men syns at det er for mykje styr å plukke fram framviser og filmduk? No er det mogleg å overföre dei gamle klenodiane til eit digitalt medium. Tenk kor enkelt det er å heller sette på ei DVD-plate der ein kan spole fram og tilbake på ein mykje enklare måte. Ein kan til og med legge inn ulike kapittel for å lettare finne akkurat den scena som ein vil sjå. Klikk på "Testfilm" og sjå resultatet av kopieringen.
Eg kan og tilby portrettfotografering, fotografering og filming av byllaup, dåp, konfirmasjon og andre høgtidsdagar - og i tillegg redigere filmen etterpå. Av eigen erfaring veit eg at ein i slike situasjonar har fullt opp med å sjå til at hovudpersonen og gjestene har det bra og derfor kan det vere godt å ikkje behöve å tenke på fotografering og filming og vite at det finns ein som tek seg av dette. Dersom du klikkar på "Bilete" så ser du nokre av mine arbeider. Studioet ligg i Florø, Sogn og Fjordane fylke på vestkysten av Noreg.
Julekort, innbydingar, takkekort m.m. er andre tenester som eg tilbyr. Du kan sjå eksemplar under "Bilete".
